header

Vedtekter

Vedtekne på årsmøtet 15.03.2023

§ 1. FØREMÅL OG OPPGÅVER.
Kvam Næringsråd (KNR) er ein medlemsorganisasjon som skal bidra til ei nærings- og samfunnsutvikling i Kvam som gjev gode tilhøve for å drive næring, og vere ein relevant samfunnsaktør i lokalsamfunnet.


§ 2. MEDLEMER.
Medlemer kan vera firma, privatpersonar og organisasjonar med tilknyting og interesse for næringslivet. Inn- og utmelding  skal vera skriftleg og trer i kraft straks slik melding er gjeven. Medlemsskapet vert oppheva dersom årskontingent ikkje er betalt etter 2 purringar.

§ 3. ÅRSMØTET.
Årsmøtet er laget sitt høgaste organ. Årsmøtet skal haldast innan utgangen av mars månad og innkalling og sakliste skal sendast ut seinast 3 veker før møtet. Rekneskap og årsmelding for føregåande år og andre sakspapir skal sendast ut seinast ei veke før årsmøtet. Årsmøtet er vedtaksført når innkallinga er gjort i samsvar med vedtektene og styreleiar eller nestleiar er til stades. Saker som medlemene ynskjer å ta opp på årsmøtet må vera styret i hende seinast 31. januar.
Ekstraordinært årsmøte kan haldast når styret eller 20% av medlemene krev det.
Årsmøtet skal handsama og gjera vedtak i desse sakene:
  1. Godkjenna innkalling og sakliste.
  2. Velja møteleiar og referent.
  3. Val av 2 personar til å underskriva møteboka.
  4. Årsmelding og rekneskap for føregåande år.
  5. Kontingent for komande år
  6. Rettleiande budsjett og handlingsplan for komande år.
  7. Val:
    • Styreleiar for to år.
    • Nestleiar i styret for to år.
    • Styremedlemer for to år
    • Nummererte varamedlemer til styret for eitt år.
    • Val av revisor for eitt år
    • Valnemnd til neste årsmøte. 
      Styreleiar og nestleiar på val annakvart år, varamedlemer på val kvart år og val av styremedlemer fordelt på val annakvart år.
  8. Fastsetjing av eventuell instruks for styre og revisor.
§ 4.  STYRET.
Styret har 4-5 medlemer og 2 varamedlemer. Medlemene i styret bør ha geografisk spreiing, representera ulike bransjar og skal ha representantar for begge kjønn.  Minst 3 av styret må vera til stades for at styret kan vera vedtaksført, ein av desse leiar eller nestleiar. Fungerande styreleiar har dobbeltrøyst ved likt stemmetal. Styret held møte når styreleiar eller 2 styremedlemer krev det og det skal førast referat frå styremøta.
Styret tilset dagleg leiar i KNR som skal ha sitt ansvarsområde fastsett i eigen instruks. Styret skal også, i tett samarbeid med dagleg leiar, laga handlingsplanar, leggja planar for dagleg drift, økonomistyring og førebu saker som skal opp på årsmøtet.

§  5. NEMNDER OG UTVAL.
Valnemnda skal ha 3  medlemer med funksjonstid på 3  år. Etter forslag frå årsmøtet skal det kvart år gjerast val av ein ny medlem i valnemnda. Årsmøtet vel leiar av valnemda på kvart årsmøte. Valnemda skal gje forslag til årsmøte om styresamansetting, revisor og valnemd.
Styret kan elles setja ned særlege nemnder og utval for å arbeida med saker som har interesse for KNR. For å sikra god kontakt med styret bør minst ein styremedlem vera med i kvar slik nemnd. Årsmeldinga bør innehalda opplysningar om arbeidet i nemndene.

§ 6. VEDTEKTSENDRINGAR.
Endringar i vedtektene kan berre gjerast med 2/3 fleirtal av dei oppmøtte på ordinært årsmøte etter at framlegget til vedtektsendring er sendt ut til medlemene saman med årsmøtepapira.

§ 7. OPPLØYSING AV KVAM NÆRINGSRÅD.
Forslag om oppløysing av Kvam Næringsråd må fremjast skriftleg før årsskiftet, men kan berre behandlast av ordinært årsmøte og krev ¾ fleirtal av dei oppmøtte med røysterett på årsmøtet. Etter at oppløysing er vedteken kan årsmøtet med simpelt fleirtal avgjera korleis eventuelle aktiva i laget skal nyttast.


 

Kontakt

Post- og besøksadresse:
Sandvenvegen 40
5600 Norheimsund
icon-phone         Tlf: 411 61 187

icon-mail       post@kvamnr.no